Phileas Fogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phileas Fogg av Alphonse de Neuville & Léon Benett (1873)

Phileas Fogg IPA-uttale (/ˈfɪliəs ˈfɒɡ/er ein oppdikta engelskmann som er hovudpersonen i romanen Le tour du monde en quatre-vingts jours (Jorden rundt på åtti dager) som blei gjeven ut av Jules Verne i 1872.

På grunn av eit veddemål legg Fogg av garde for å visa at det gjekk an å reisa rundt jorda på åtti dagar. Med seg på reisa har han tenaren sin, den tidlegare sirkusakrobaten Jean Passepartout, detektiven Fix og den unge indiske enkja Aouda.[1]

Reisa hans har inspirert fleire andre til å prøva å gjera henne etter, mellom anna Nellie Bly og Michael Palin. Namnet er òg blitt brukt av mange selskap knytte til reise eller eksotiske stader, til dømes hotell, reisebyrå og restaurantar.

Phileas Fogg blei spelt av David Niven i filmatiseringa frå 1956 av Pierce Brosnan i filmatiseringa frå 1989, og av Steve Coogan i Disney-filmatiseringa frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. François Angelier (2006), Dictionnaire Jules Verne. Entourage, personnages, lieux, œuvres. (på fransk), Paris: Pygmalion, s. 1195, ISBN 2-85704-870-X