Pianola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blüthner Phonola flygel frå 1910
Ei tilføydd noterull-eining speler flygel

Pianola er eit felles namn for automatiske piano. Pianola var eigentleg eit namn på ein modell frå ein av dei store fabrikantane av automatiske piano. På caféar, pubar, skøytehallar og den slags publikumslokale fanst det pianola med myntinnkast som underhaldning. Myntinnkastet starta maskinen som då spelte ein melodi, og fungerte dermed som den tidas jukeboxar. Då myntane som blei brukte, ofte var av nikkel, så blei dei òg kalla Nickelodeon.

Det fanst dessutan fleire ulike variantar av piano- eller orgelbaserte musikkautomatar med fleire instrument. Desse blei ofte kalla orchestrion. Felles for dei er at automatikken som oftast var basert på vakuum-prinsippet som kraftkjelde og med ei perforert papirremse som styring for avspelinga. Avanserte instrument kunne variere både tempo og anslag ved hola i den koda papirrullen. Musikk til papirrullane blei ofte koda manuelt frå noter, men på starten av 1900-talet hadde ein konstruert innspelingspianoet som gjorde det råd å la berømte pianistar og komponistar spela inn sine eigne tolkingar av musikken. Dei blei sidan perforert og då kunne pianoet spela opp tolkinga til pianisten med ein forbausande kvalitet. Det finst dokumentasjon som fortel at eit av desse innspelingspianoa blei transportert frå Tyskland til Bergen og enda opp på Troldhaugen der Edvard Grieg spelte inn nokre av sine eigne komposisjonar. Pianoa som kan ta opp denne typen rullar blir ofte kalla reproducing piano eller reproducers.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]