Vakuum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luftpumpe for å demonstrere vakuum.

Vakuum er i fysikken definert som eit tomt rom, altså fråvær av materie i eit gjeve volum av rommet. I daglegtale vert omgrepet òg ofte nytta om kvart rom der det er undertrykk. Eit perfekt vakuum er ein ideell tilstand som ikkje kan eksistere. Den beste tilnærminga på ein slik tilstand er det ytre rom. Fysikarar brukar omgrepet delvis vakuum for å skildre ikkje-ideelle vakuum. Ein komplett karakteristikk av den fysiske tilstanden krev fleire parameterar, som temperatur. Antitesa til eit vakuum – som også er ein ideell og ikkje oppnåelege tilstand – kallast eit plenum.

I fysikk og teknikk blir trykk under 1 pascal eller 1/100 000 atmosfære rekna som vakuum. Trykk under 0,01 pascal vert kalla høgvakuum. I laboratorium har ein nådd trykk på under 10−9 pascal. Ved så lågt trykk er likevel rommet langt frå tomt; det er framleis ein million molekyl per cm3. I det ytre verdsrommet er trykket langt lågare, kring 10−14 pascal med omkring 10 molekyl per cm3.

Lufttomt rom er eit rom fritt for gassmolekyler. I praksis finst ikkje dette, i såkalla vakuum (ved jordoverflata) vil det enno vere ca. ein million gassmolekyle (luftmolekyle) per kubikkcentimeter. I verdsrommet finst det ca. 10 gassmolekyler per kubikkcentimeter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]