Picco Luigi Amedeo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Picco Luigi Amedeo
Picco Luigi Amedeo (til venstre for den snødekte toppen av Mont Blanc og den snøfrie Mont Blanc de Courmayeur)

Picco Luigi Amedeo (til venstre for den snødekte toppen av Mont Blanc og den snøfrie Mont Blanc de Courmayeur)

Høgd over havet 4 469 m s.l.m.
Område Val d'Aosta, Italia
Fjellområde Mont Blanc-massivet
Dominans 0,73 km → Monte Bianco di Courmayeur
Skardhøgd 39 m ↓ skaret mot Mont Blanc de Courmayeur
Koordinatar 45° 49′ 0″ N, 6° 52′ 0″ AKoordinatar: 45° 49′ 0″ N, 6° 52′ 0″ A
Picco Luigi Amedeo (Alpen)
Picco Luigi Amedeo
Førsteklatring 20. juli 1901 av G.B. og G.F. Gugliermina med fjellføraren Joseph Brocherel

pd4

Picco Luigi Amedeo (fransk Pointe Louis Amédée) er ein 4 469 moh. høg fjelltopp i Mont Blanc-massivet som ligg i Aostadalen i Italia. Toppen har fått namnet etter Luigi Amadeo av Savoy.

Det er den høgste toppen som ligg heilt og fullt på italiensk territorium. Den næraste høgare toppen er Mont Blanc de Courmayeur.

Picco Luigi Amedeo når ein ved å traversere Brouillardegga, ei av dei store eggene på Mont Blanc. Toppen blei gått første gong 18. til 20. juli 1901 av G.B. og G.F. Gugliermina med føraren Joseph Brocherel som gjekk frå nordvest.[1] Heile Brouillardegga blei første gong traversert 9. august 1911 av Karl Blodig, Humphrey Owen Jones, Geoffrey Winthrop Young med føraren Josef Knubel. Med dette fullførde Blodig alle firetusenmetrane på den lista han sjølv hadde sett opp.

Picco Luigi Amedeo var ei ubetydeleg høgde på Brouillardegga heilt til 1959 då Walter Bonatti klatra ei vanskeleg rute på den venstre av dei tre store Brouillardpillarane. Etter det blei toppen eit omgrep i fjellklatrarmiljøet.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hartmut Eberlein: Mont-Blanc-Gruppe Gebietsführer für Wanderer, Bergsteiger und Kletterer, Bergverlag Rudolf Rother, München 1991. ISBN 3-7633-2412-7

Litteratur[endre | endre wikiteksten]