Pierre Bonnard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjølvportett, 1889

Pierre Bonnard, (3. oktober 186723. januar 1947) var ein fransk kunstmålar, grafikar og illustratør.

Bonnard vart fødd i Fontenay-aux-Roses, far hans hadde ei høg stilling i krigsministeriet. Sjølv byrja han tidleg å interessere seg for latin, gresk og filosofi, men òg i teikning og fargar. Etter farens ynske studerte han jus og arbeidde som jurist fram til 1891. Samstundes med jusstudia studerte han på L'Académie Julian, ein privat skule i målarkunst og skulptur i Paris. Han fekk plass på l'École des Beaux-Arts, der han møtte målaren Édouard Vuillard og elles vart kjend med kunsten til mellom andre Paul Gauguin, Edgar Degas, Claude Monet og Paul Cézanne.

Bonnard slutta seg til kunstnargruppa Les Nabis, ei postimpresjonistisk avantgardrørsle med intellektuelle og spirituelle ambisjonar, med mellom andre Vuillard, Maurice Denis, Félix Vallotton som deltakarar; kunstnarleg la rørsla stor vekt på å sublimere det daglegdagse, forenkle formene og skape intensitet i fargane. Bonnard var interessert i japansk kunst, og påverka av denne kunsten i så stor mon at han fekk tilnamnet «Nabi japonard». Han var dessutan sterkt påverka av ideane til Paul Gauguin.

I 1893 møtte han Maria Boursin som kalla seg Marthe De Meligny. Ho vart modellen hans og seinare kona hans. Martha døydde i 1942. Sjølv døydde han fem år seinare i Le Cannet ved kysten av Mellomhavet.

Måleri i utval[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]