Paul Gauguin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1893

Paul Gauguin (7. juni 18488. mai 1903) var ein fransk bankmann, målar, skulptør, grafikar og forfattar. Han måla fyrst impresjonistisk, men utvikla rundt 1888 i Bretagne ein dekorativ stil, kraftig forenkla med heile fargefelt og sterke konturar, den såkalla primitivismen. Gauguin var ein leiande aktør innanfor kunstretninga kalla for symbolismen, og ein av dei fremste forgjengarane til den moderne kunsten, både kva gjeld måleri og skulptur.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gauguin var fødd i Paris og fór i sin ungdom til sjøs, seinare vart han bankmann. Fyrst då han var omkring 30 år gammal byrja han å måle. Samtidig tok han til å samle måleri av Camille Pissarro, Paul Cézanne, Edgar Degas, Johan Jongkind, Armand Guillaumin og Auguste Renoir. Gauguin debuterte på impresjonistane si utstilling 1880 med direkte måla landskapsstudiar, lettfattelege for sjåraren. År 1881 stilte han ut ein studie av ei Naken kvinne som bøter sitt linne, dessutan ein statuett, Promenerande dame, skoren i tre og farga, samt medaljongen Songarinna.

Gauguin oppheldt seg deretter mest i Bretagne, der han måla bønder, landsbyar og landskap. Han hadde på den tid stor innverknad på ein krins av unge målarar som vart kalla 'Pont-Avenskulen'. Gauguins mål var fyrst og fremst å samanfatte det personlege inntrykket av dei avgjerande trekka ved naturen, for så å forme dei i store linjer og plan.

1887 reiste Gauguin til Martinique, vende gjennom Sør-Frankrike tilbake til Bretagne i 1888. År 1888 delte han hus med Vincent van Gogh i Arles i Sør-Frankrike. I 1891 reiste han til Tahiti, budde der til 1893. Han vitja deretter Paris, til dess han i 1895 vende tilbake til Tahiti. 1895-1903 budde han på Tahiti og Marquesasøyane for å måle primitive polynesiske motiv.

Som kunstnar søkte han i tropane ei ny, uoppdaga verd, samt nye former og fargar. Hans måte å framstille objektet var ei vidareutvikling av hans tidlegare stil med store, bestemte fargefelt og dekorativt utsmykka flater. Han søkte å kome tilbake til ein primitiv ståstad, lære seg kunsten å sjå alt med nye augo. På Tahiti måla han massar av studiar av menneske og natur. Stor merksemd skapte verka Kristus og Kristi fødsel – både Kristus og mor hans er svarte innfødde frå øya i sørhavet.

Gauguin var også litograf, skulptør, samt gjorde relieff i fajanse og i tre (til dømes Krigen og freden). Han skreiv også eit tahitisk dikt No Noa (1893).

Han døydde 1903 på Marquesasøyane i Fransk Polynesia.

Eit utval måleri[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

William Somerset Maugham skildrar Gauguin sitt liv i boka Skillingen og drømmen (på norsk 1977). Nobelprisvinnaren Mario Vargas Llosa skildrar i si bok Paradiset på det andre hjørnet (på norsk 2004) Gauguin sitt liv kring Tahiti-tida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paul Gauguin