Pietrasanta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Domkyrkjeplassen i Pietrasanta

Pietrasanta er ein by og ein kommune i provinsen Lucca i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har i kring 25 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 41 km². Kommunen ligg ved Liguriahavet, med bysentrum tre kilometer frå kystlina og 14 meter over havet.

Byen vart bygt under romarriket, medan mellomalderbyen vart grunnlagt på same staden i 1255. Fyrstar av Medici-ætta rådde over byen frå tidleg på 1500-talet og dei neste tre hundreåra. Byen var mykje plaga av malaria i eit par hundreår frå 1600-åra, og opplevde ei lang nedgangstid. I 1861 vart byen innlemma i kongeriket Italia.

Oppfinnaren Eugenio Barsanti og poeten Giosuè Carducci var begge frå Pietrasanta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]