Piggsvinfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Piggsvinfamilien
Europeisk piggsvin, Erinaceus europaeusEuropeisk piggsvin, Erinaceus europaeus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Erinaceomorpha
Familie: Piggsvinfamilien Erinaceidae
G. Fischer, 1814

Piggsvinfamilien er ein familie av insektetarar som omfattar fleire artar både i Europa, Asia og Afrika.

Piggsvin har ein svært spiss snute. Dei har ein ganske rund kropp der håra har form som kjempestore piggar. Dei kan rulle seg saman med hovud og bein under ryggen og piggane stikkande opp. Då er dei nærmast heilt utan trussel frå rovdyr.

Piggsvin et insekt og små virvellause dyr, men og små virveldyr, som slangar og amfibiar, og plantemateriale.

Piggsvinet er kjend for å gå i dvale om vinteren, gjerne under haugar av lauv. Det har faktisk hendt at ein har kunna høyre at det snorkar.

Namnet piggsvin vert og brukt om dyr som har ein lignande utsjånad, men som ikkje er i slekt med dei eigentlege pinnsvina. Desse dyra er holepiggsvin og trepiggsvin, som er to ulike typar gnagarar, og maurpiggsvin, som er eit kloakkdyr.