Piggtinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piggtinden
fjell
Piggtinden.jpg
Piggtinden sett frå Lakselvdalen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Balsfjord (Troms og Finnmark)
Høgd 1 505 moh.
Koordinatar 69°16′59″N 19°38′39″EKoordinatar: 69°16′59″N 19°38′39″E
Map
Piggtinden
69°16′59″ N 19°38′39″ E
Wikimedia Commons: Piggtinden

Piggtinden er eit fjell i den sørlege delen av Lyngsalpan i Troms og Finnmark. Det er 1505 moh og er grensepunkt mellom kommunane Balsfjord, Tromsø og Storfjord. Med ein karakteristisk pyramideform er Piggtinden ein av dei mest kjende fjelltoppane i fylket.

Piggtinden er ein vanskeleg topp for fjellklatrarar. Den første vinterklatringa var ikkje før i 1971. Piggtinden er også kjent frå Peter Wessel Zapffe si forteljing, «Fire korstog til Piggtind», i boka Barske Glæder, der han fortel om dei fire forsøka sine på å nå toppen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]