Pikk Hermann i Tallinn
Koordinatar: Pikk Hermann (norsk: Lange Hermann) er eit tårn på Castrum Danorum (Toompeaslottet) på Toompeaåsen i Tallinn, hovudstaden i Estland. Den fyrste delen vart bygt frå 1360 til 1370. Tårnet vart ombygt på 1500-talet, og nådde høgda 45,6 meter, som tårnet har hatt sidan. Ein trappeoppgang med 215 trappetrinn leier til toppen av tårnet.
Pikk Hermann ligg ved sidan av parlamentsbygningen i Estland, og flagget på toppen av tårnet, 95 meter over havnivået, er eit av symbola på regjeringa.
Det estiske nasjonalflagget vert heist og nasjonalsongen spela ved soloppgang (men ikkje tidlegare enn klokka 7). Ved solnedgang (men ikkje seinare enn klokka 22) vert flagget fira, og den same songen, «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm», spela.