Pingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pingoar nær Tuktoyaktuk i Northwest Territories i Canada

Ein pingo er ein meir eller mindre konisk haug som opptrer i arktiske strøk med permafrost. Haugen er vanlegvis 30–50 meter høg med ein diameter på opptil 400 meter og inneheld ein kjerne av is. Han får ofte ein vulkanliknande utsjånad når toppen kollapsar under delvis oppsmelting av iskjernen. Slike overflateformer blir danna i deltaområde der mindre sjøar blir fylde med sediment og frys til, og på stader der grunnvatnet trengjer gjennom telen nedanfrå.

Pingoar er særleg kjende frå Mackenzie-deltaet i Canada og frå dalbotnane på Svalbard og Grønland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pingo. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/pingo.