Bartre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pinophyta)
Gå til: navigering, søk
Bartre


Sequoiadendron giganteum er den største levande organismen i verda.
Sequoiadendron giganteum er den største levande organismen i verda.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Ordenar og familiar
Pinaceae (Furufamilien)
Araucariaceae (Apeskrekkfamilien)
Podocarpaceae
Sciadopityaceae (Skjermgran)
Cupressaceae (Sypressfamilien)
Cephalotaxaceae
Taxaceae (Barlindfamilien)
Vitskapleg namn
Pinophyta

Bartre (rekkje Pinophyta) er nakenfrøplantar som finst mest overalt i verda (unnateke polane, ørken og nokre øyer.) Bartrea kjenneteiknast av nål- eller skjelforma blader. Rekkja inneheld dei største, lengstlevande og høgste levande organismane i verda.

Det er ikkje fullstendig semje om den innbyrdes klassifiseringa av bartre. Alle er samde om at rekkja Pinophyta inneheld berre éin klasse, Pinopsida. Denne klassa har berre éin nolevande orden, Pinales, som inneheld seks eller sju familiar. Somme foreslår at familiane Taxaceae og Cephalotaxaceae skal vera i sin eigen orden.

Alle bartre har ved. Flestalle er tre, nokre få er buskar. Bartre har korkje blomar eller frukter i rett biologisk forståing, men dei hannlege og holege kjønnsorgana vert ofte omtalte som blomar, og arillus som blir danna kring frøet hjå somme artar (særleg barlindfamilien) er ofte kalla for frukt. Det er likevel viktig å skilja mellom desse sokalla blomane og fruktene og ekte blomar og frukter, som berre finst hjå dekkfrøplantar.

I likskap med andre nakefrøplanterekkjer er det relativt få bartreartar, ca. 600.

Bartre i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst ca. 30 bartreartar, frå ti slekter i tre familiar (barlindfamilien, furufamilien og sypressfamilien).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bartre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.