Ved
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ved
Ved (frå norr. viðr, 'tre, skog') er den harde delen av trevekstar som kan brukast til trevyrke og brensel. Det er som ofte dette siste me viser til når me snakkar om ved. Brennverdien til veden varierer med fuktprosent og eigenvekt.
Det er vanleg å bruka tre som ikkje passar til andre føremål, som tynne eller krokete greiner og avkapp frå treindustrien, til brensel. Før han kan brennast må veden delast opp i mindre stykke slik at han har ein stor overflate elden kan ta fatt i. Dette gjer ein gjerne ved å saga han opp eller kløyva han med øks på ein hoggstabbe.
Ved er ein fornybar ressurs så lenge ein ikkje tek ut meir enn det som veks til. Mangel på ved i nokre område har ført til avskoging og ørkenspreiing.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
