Piombino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piombino sett frå lufta

Piombino er ein by og ein kommune i provinsen Livorno i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har 34 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 129 km². Byen ligg ved overgangen mellom Liguriahavet i nordvest og Tyrrenhavet i sørvest. Den historisk kjende øya Elba ligg rett vest for Piombino.

Byen voks fram gjennom mellomalderen. Frå 1100-talet rådde bystaten Pisa over Piombino, seinare kom nye fyrsteslekter, sist hertugdømmet Toscana. Sidan 1860 har byen høyrd inn under Italia. Delar av den historiske gamlebyen er å sjå ved bysentrum.

Industri er hovudnæring i kommunen, med eit jarnverk som største arbeidsplassen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]