Pipejarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pipejarn på krumma haldar. Bolten som ein varmer det med, med handtak, til høgre.

Eit pipejarn er ein reiskap brukt til å glatte klede utan å pressa dei flate. Det vert brukt til å pipe fine tekstil, som kniplingar, pipekragar og stivsnippar.

Pipejernet vert skrudd fast til ei bordplate. Ein glødande jarnbolt vert sett inn i holet i pipa, slik at ho vert varm. Tekstilen som skal glattast vert dregen fram og attende på pipa.

Dei fleste pipejerna er laga av smijern. Dei vart og laga av messing. Nokre er og laga av kopar. Pipejarna er ofte dekorerte på festemekanismen. Det vart og nytta reiskapar som liknar på sakser til å glatte pipekragar.

Pipejarnet vart brukt til å stelle pipekragar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pipejarnet var det første varme jarnet utvikla for å glatta enkelklede. Det blei utvikla på 1500-talet, då store, forseggjorte kragar og mansjettar var på mote. Opphavleg hadde ein laga runde foldar i kalde, fuktige klede ved hjelp av formingsjarn og stive. Pipekragar var i bruk i Nederland, Nord-Tyskland og Danmark og Noreg i lang tid etter at dei gjekk av moten elles i Europa; i Noreg som prestekragar.

Sjølv om pipekragane gjekk or vanleg bruk, vart pipejarnet brukt til å glatte andre tekstilar. Det egner seg godt til å stryke silkeband, blonder, mansjettar og stivesnippar. Pipejarn var vanlege hushaldsreiskapar fram til 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]