Mote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biletserien Marriage à-la-mode av William Hogarth.

Mote er det som er moderne eller tidstypisk og står for ein herskande stil eller meiningsretning.

Ordet[endre | endre wikiteksten]

Ordet kjem via dansk, engelsk og tysk frå det franske mode, som igjen stammar frå det latinske modus som betyr 'måte'. Mote handlar derfor om måten noko blir uttrykka på, eller den ytre forma det tar.

Fenomen[endre | endre wikiteksten]

Ordet mote blir særleg brukt om klesmote, men omfattar alle område der oppfatningane skiftar etter kortare eller lenger tid. Dette kan mellom anna gjelde synet på eller utforminga av musikk, kunst og formgjeving, men også humor, politikk, namn, matrettar eller kva som helst som blir påverka av smaken eller meiningane til enkeltindivid eller grupper.

Frå biletserien Marriage à-la-mode av William Hogarth. Måleriet skildrar moten i klesdrakt, hårstil, heimeinnreiing og husdyr som var vanleg i 1740-åra, då det blei til. Det kritiserer moralen som var på moten i den engelske overklassen, og er samstundes uttrykk for satiren som var på mote då William Hogarth verka.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]