Pixar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pixar Animation Studios)
Pixar


Studios entrance at Emeryville Sjå dette på Wikidata
Org.formDotterselskap
BransjeFilmindustri
Skipa3. februar 1986
EigarThe Walt Disney Company, Steve Jobs
MorselskapWalt Disney Studios
Hovudkontor1200 Park Avenue, Emeryville, California.
LandUSA
Produktprogramvare
Grunnleggjar(ar)Edwin Catmull, Alvy Ray Smith
Dagleg leiarPete Docter
Nettstadhttps://Pixar.com (engelsk)

Pixar Animation Studios er eit amerikansk filmselskap som produserer dataanimerte filmar. Det held til i Emeryville, California, og har sidan starten av 1990-talet vore ein av dei fremste pionerane i filmbransjen innan visuelle effektar og tredimensjonal animasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Pixar var George Lucas, som i 1979 tilsette dataingeniøren Ed Catmull som leiar for dataavdelinga (Computer Division) i sitt eige produksjonsselskap Lucas Films. Målet var å utvikle innovativ og moderne datateknologi for filmindustrien. I dei første åra konsentrerte dei seg om å eksperimentere med kortfilmar og sekvensar for spelefilm.

Animatøren John Lasseter vart tilsett på fulltid i 1984, og Pixar vart offisielt etablert som eit sjølvstendig selskap i 1986 av Catmull, Lasseter og Steve Jobs, då sistnemnde kjøpte Computer Division til Lucas. Same året debuterte Lasseter som regissør med kortfilmen Luxor Jr., som vart verdas første tredimensjonale dataanimerte film til å bli nominert til ein Oscar-pris. Luxor, som er ei skrivebordslampe, vart etter det maskot og bedriftslogo for Pixar.

Etter å ha gått seg inn på marknaden for reklame, gjekk Pixar inn i eit distribusjonssamarbeid med Walt Disney Pictures i 1991. Det felles uttalte målet deira var å satse på og utvikle dataanimerte langfilmar.

Fire år seinare var Toy Story (1995) ein realitet. Filmen, der Tom Hanks har stemma til hovudkarakteren Woody, vart ein stor kinosuksess, og regissør Lasseter vann ein spesialpris frå Oscar-akademiet for innsatsen.

Toy Story vart, i likskap med alle dei påfølgjande langfilmane frå selskapet, produsert med eit eigenutvikla program for attgjevingsteknologi, RenderMan. Systemet er svært realistisk i attgjevinga si av bilete, og blir kontinuerlig vidareutvikla for å møte aukande krav til tredimensjonal animasjon og visuelle effektar. 24. januar 2005, same året som Pixar kunne feire 20-årsjubileum, vart selskapet kjøpt opp av Walt Disney Company for 7,4 milliardar dollar.

Selskapet har sidan hatt stor kommersiell suksess med filmar som A Bug's Life (1998), Monsters Inc. (2001), Finding Nemo (2003), The Incredibles (2004), Cars (2006), Ratatouille (2007), Wall-E (2008) og Up (2009). Sistnemnde vart tidenes første animerte film som fekk æra av å opne Filmfestivalen i Cannes.

Produksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]