Ratatouille
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå filmen Ratatouille.

Ratatouille (uttalt rata'toj) er ei grønsakstuing frå Provence i Frankrike. Retten blir laga av mellom anna aubergine, lauk, tomat, paprika, squash, kvitlauk og urter som basilikum eller timian. Ingrediensane blir freste og småkokte i olivenolje.
Ratatouille kan serverast varm eller som tilbehøyr til kjøt eller fisk eller som hovudrett med ris, potet eller brød som tilbehøyr.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Ratatouille og liknande rettar.
- Ingrediensar til ratatouille i ei gryte.
- Ferdig ratatouille i ei gryte.
- Tagine med ratatouille.
- Sverdfisk og ratatouille.
- Pylser og ratatouille.
- Ratatouille frå Dei eoliske øyane ved Sicila.
- Tumbet, ein liknande rett.
- Pisto manchego og steikt egg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ratatouille» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2019.