Piz Linard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Linard
fjell
Piz Linard.jpg
Piz Linard sett frå Zernez
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Silvretta
Høgd 3 410 moh.
Primærfaktor 1 027 m ↓  mot Piz Kesch
Koordinatar 46°47′56″N 10°04′17″E
Lettast tilkomst Kravling
Førstestiging Oswald Heer
 - dato 1. august 1835
Kart
Piz Linard
46°47′56″ N 10°4′17″ E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Piz Linard (Silvretta)

Piz Linard er eit pyramideforma fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Den 3 411 m høge fjelltoppen er den høgste i Silvrettafjella, som er ein del av Dei rätiske Alpane. Piz Linard ligg mellom dalane Val Lavinuoz i aust og Val Saglains i vest. Begge dalane høyrer til nedslagsfeltet til elva Inn i Engadin-dalen.

Toppen vart kliven 1. august 1835 av geologen og naturforskaren Oswald Heer leia av Johann Madutz. Ei segn seier at ein mann som heitte Chounard etter mykje møye nådde toppen av Piz Linard i 1572, berande på ein stor gyllen kross. Krossen har aldri vorte funnen.

Normalruta til topps går opp sørveggen. Frå Chamanna dal Linard brukar ein 4-5 timar på turen. Denne ruta vert gått rett ofte om sommaren, då ein har eit vidt utsyn over fjellheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]