Pizzo Coca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pizzo Coca
fjell
none Pizzo Coca sett frå vest
Pizzo Coca sett frå vest
Land {{landdata Italia Italia landflagg2 namn = Italia Italia variant = storleik =

}}

Fjellkjede Bergamoalpane
Høgd 3 052 m moh
Primærfaktor 1 878 m m
Førstestiging av 4. september 1877
Koordinatar 46°4′17″N 10°0′42″EKoordinatar: 46°4′17″N 10°0′42″E
Wikimedia Commons: Pizzo Coca

Pizzo Coca er ein 3 052 meter over havet høg fjelltopp i Bergamoalpane i regionen Lombardia i Italia. Fjellet, som er den høgste toppen i Bergamoalpane, ligg på fjellryggen mellom Val Seriana og Valtellina, på grensa mellom provinsane Sondrio og Bergamo. Pizzo Coca har ein primærfaktor på 1878 meter, og fjelltoppen er såleis ein av ultratoppane i Europa.

Italienaren Emilio Torri var i fylgje med fjellføraren Antonio Baroni då dei i 1877 vart dei fyrste til topps på Pizzo Coca.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]