Sondrio-provinsen
Utsjånad
(Omdirigert frå Provinsen Sondrio)
| Sondrio | |||
| provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Lombardia | ||
| Hovudstad | Sondrio | ||
| Areal | 3 211,9 km² | ||
| Folketal | 179 051 (31. desember 2024)[1] | ||
| Postnummer | 23100, 23010–23038 | ||
| Retningsnummer | 0342, 0343 | ||
| Bilnummer | SO | ||
![]() Provinsen Sondrio 46°21′37″N 9°56′38″E / 46.360197222222°N 9.944°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Sondrio | |||
Provinsen Sondrio (italiensk Provincia di Sondrio) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Sondrio. Han har eit areal på 3 212 km² og totalt 178 784 innbyggjarar i 2022. Det er 78 kommunar i provinsen. Den største av desse er sjølve Sondrio med 21 790 innbyggjarar, medan Pedesina har færrast innbyggjarar med sine 34. Valdidentro har størst areal med 244,41 km², medan Poggiridenti har minst med 2,93 km².
Provinsen grensar til Sveits (Graubünden) i nord og vest, provinsane Como og Lecco i vest, og provinsane Bergamo og Brescia i aust.
Største kommunane
[endre | endre wikiteksten](Stand: 31. mai 2005)
| Kommune | Ibuarar |
|---|---|
| Sondrio | 21 797 |
| Morbegno | 11 483 |
| Tirano | 9 133 |
| Chiavenna | 7 265 |
| Livigno | 5 345 |
| Cosio Valtellino | 5 234 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Sondrio» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2007.

