Planemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein planemo er ein planetliknande himmellekam, noko tyngre enn Jupiter. Til skilnad frå Jupiter og andre planetar, krinsar ikkje planemoane om noko stjerne, men flyttar seg fritt i verdsrommet.

Astronomane Ray Jayawardhana frå University of Toronto og Valentin D. Ivanov frå Europaan Southern Observatory (ESO) oppdaga to såkalla planemoar som krinsar om kvarandre i 2006.

Planemo-paret, som går under nemninga Oph 162225-240515, ligg kring 400 lysår frå jorda i eit stjernedannande område i stjernebiletet Slangeberaren. Den eine planemoen er omkring sju gonger tyngre enn Jupiter, og den andre kring dobbelt så tung.

Avstanden mellem dei to planemoane er kring seks gonger større enn avstanden mellom sola og Pluto. Alderen deira er estimert til å vere kring èin million år.

Jayawardhana og Ivanov meiner at planemo-paret er danna som resultat av samantrekningar i ei gass-sky, på same måte som dobbelstjerner blir til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009). Planemoer. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/planemoer.