PlayStation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
PlayStation
Playstation logo colour.svg
PlayStation logo wordmark 1994to2009.svg
PSX-Console-wController.jpg
PSone-Console-Set-NoLCD.jpg
Øvst: Logoen til PlayStation

Midten: Den opphavlege modellen
med ein DualShock-kontroll

Botn: Den mindre modellen
med ny design, PS one
ProdusentSony
TypeSpelekonsoll
LanseringJP: 3. desember 1994
NA: 9. september 1995
EU: 29. september 1995
Einingar selde102,49 millionar
Mestseljande spelGran Turismo
(10,8 millionar)[1]
EtterfylgjarPlayStation 2

PlayStation, offisielt forkorta til PS, og gjengs kjend som PS1 eller kodenamnet PSX, er ein spelekonsoll som er utvikla og marknadsført av Sony Computer Entertainment. Konsollen vart lansert 3. desember 1994 i Japan,[2] 9. september 1995 i Nord-Amerika[3] og 29. september 1995 i Europa.[4] Han var den første spelekonsollen i PlayStation-serien, og konkurrerte hovudsakleg mot Nintendo 64 og Sega Saturn på den internasjonale marknaden i den siste halvdelen av 1990-talet.

PlayStation er den første spelekonsollen i historia som produsenten presterte å levere 100 millionar einingar av til marknaden, ein milepåle som vart nådd ni år og seks månader etter lanseringa. [5] I juli 2000 vart ein ny variant av konsollen lansert, marknadsført som PS one. Han erstatta den opphavlege gråe konsollen og fekk eit høvande namn for å unngå blanding med oppfølgjaren, PlayStation 2.

PlayStation 2, som er kompatibel med både handkontrollen og spela til PlayStation, vart annonsert i 1999 og lansert året etter. Dei siste einingane av PS one vart selde i slutten av 2006, like før produksjonen vart avslutta for godt. Dermed hadde PlayStation nådd ein total på 102,49 millionar utsende einingar.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gran Turismo Series Shipments Hit 50 Million». PC World. Henta 16. august 2018. 
  2. «Business Development/Japan». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. 
  3. «Business Development/North America». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. 
  4. «Business Development/Europe». Sony Computer Entertainment Inc. Henta 16. august 2018. 
  5. «PlayStation shipments top 100 million units». Eurogamer. Henta 16. august 2018. 
  6. «PlayStation Cumulative Production Shipments of Hardware». Sony Computer Entertainment. Henta 16. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: PlayStation