PlayStation 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
PlayStation 2
PS2-Versions.png
Venstre: Den opphavlege utgåva
av PlayStation 2.
Høgre: «Slimline»-utgåva av PlayStation 2
og handkontroll.
ProdusentSony
ProduktfamiliePlayStation
TypeSpelekonsoll
Generasjon6.
Lansering2000
Einingar seldeMeir enn 150 millionar [1]
MediumCD, DVD
CPU«Emotion Engine»
294.912 MHz (lansering),
299 MHz (nyare modellar)
LagringPS2 memory card (8 MB),
PS memory card (128 KB),
40 GB Hard Drive (tillegg)
Minne32 MB RDRAM,
4 MB eDRAM
Grafikk«Graphics Synthesizer»
147.456 MHz
Mestseljande spelGTA: San Andreas
(17,33 millionar)
ForgjengarPlayStation
EtterfylgjarPlayStation 3

PlayStation 2, offisielt forkorta til PS2, er ein spelekonsoll utvikla av Sony. Han er oppfølgjaren til PlayStation og forgjengaren til Playstation 3 (som blei lansert i november 2006). Utviklinga av maskina blei offentleggjort i mars 1999, og blei først lansert i Japan 4. mars 2000, i Nord-Amerika 26. oktober 2000 og i Europa 24. november 2000.

PS2 er den raskast seljande konsollen i historia, med over 150 millionar selde einingar i januar 2011[2]; maskina slo dermed PlayStation med tre år og ni månadar. PlayStation 2 selde òg meir enn sine konkurrentar, Xbox, Xbox 360 og GameCube, i Nord-Amerika og Japan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av PlayStation 2 blei først annonsert i mars 1999, men var ikkje utgjeve før 2000. Kunngjeringa var nok til å bremse drivkrafta for Sega Dreamcast sin nordamerikanske lansering, til tross for at Dreamcast hadde eit forsprang i denne generasjonen. [3] [4] Rett etter utgivinga, var det vanskeleg å finne PS2 einingar på forhandlarens hyller [5] grunna produksjonsforsinkingar. [6] Eit anna alternativ var å kjøpe konsollen direktekopla gjennom auksjonsnettstader som eBay, der folk betalte over tusen dollar for ein PS2. [7] PS2 selte i utgangspunktet godt delvis på grunnlag av styrken på PlayStation-merkevara. Ein dag etter lanseringa hadde konsollen selt over 980.000 einingar i Japan. [8] Dette gav PS2 løyve til å tappe det store installasjons utgangspunktet oppretta av PlayStation - eit anna viktig salsargument framfor konkurrentane.

Sjølv om Sega kunngjorde avviklinga av Dreamcast i mars 2001, ville PS2 møte konkurransen frå nyare konkurrentar; Microsofts Xbox og Nintendo GameCube.

Mange analytikarar spådde ein tett tre-vegs ”matchup” mellom dei tre konsollane; Xbox hadde den mektigaste maskinvara, medan GameCube var den billegaste konsollen og Nintendo endra prinsippa sine for å oppmuntre tredjepartsutviklarar. Så medan PlayStation 2 teoretisk sett hadde dei svakaste spesifikasjonane av desse tre, hadde han eit forsprang grunna av sin installerte basis og sterk utviklar engasjement. [9]

Sony imøtegjekk Xboxen mellom anna ved å midlertidig sikre PlayStation 2 eksklusivt for etterlengta spel som Grand Theft Auto-serien og Metal Gear Solid 2:. Sons of Liberty. [10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. [1]
  2. [2]
  3. [3]
  4. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy. side 3.
  5. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy.
  6. [4]
  7. [5]
  8. [6]
  9. [7]
  10. http://money.cnn.com/2002/05/14/technology/ps2_pricecuts/ Morris, Chris (May 14, 2002). "Sony slashes PlayStation prices: Preemptive move undercuts competition and could spark video game price war". CNN.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.