Plessurfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Plessur-Alpane)
Hopp til navigering Hopp til søk
Plessurfjella
Fjellkjede
Arosa weisshorn 14 08 06.JPG
Aroser Weisshorn (2 653 moh)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Stat Graubünden
Del av Dei sentrale Alpane
Høgaste punkt Aroser Rothorn
 - høgd 2 985 moh.
 - koordinatar 46°44′N 9°38′E
Wikimedia Commons: Plessur Range

Plessurfjella er ei fjellkjede i Alpane aust i Sveits. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjella er kalla opp etter elva Plessur, som spring ut midt i fjella. Plessurfjella er fråskilde Glarus-Alpane i vest av Rhinendalen; frå Rätikonfjella i nord av Landquartdalen (Prättigau); frå Albulafjella i søraust av Landwasserdalen; og frå Oberhalbsteinfjella i sør av Albuladalen.

Plessurfjella vert drenerte av elvane Rhinen, Plessur, Landwasser og Landquart. Vintersportsstaden Arosa ligg midt i fjellkjeda.

Av fjelltoppar i Plessurfjella finn ein Aroser Rothorn (høgast, 2985 moh) og Stätzer Horn (2576 moh).

Fjellovergangar i Plessurfjella er Strela-passet, frå Davos til Langwies, 2377 moh.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]