Rhinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°58′54″N 4°4′50″E
Rhinen (Rhein)
elv
none  Loreley i Rheinland-Pfalz
Namneopphav: Proto-indo-europeisk rot *reie-
(«å flytte, flyte, springe»)
Land Flag of Germany.svg Tyskland, Flag of Austria.svg Austerrike Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein, Flag of Switzerland.svg Sveits Flag of France.svg Frankrike, Flag of the Netherlands.svg Nederland
Nedslagsfeltet Luxembourg, Belgia
Hovudkjelde Vorderrhein
 - stad Tomasee ("Lai da Tuma"), Surselva, Graubünden, Sveits
 - høgd 2 345 moh
 - koordinatar 46°37′57″N 8°40′20″E
Sekundærkjelde Hinterrhein
 - stad Paradiesbreen, Graubünden, Sveits
Samløp Reichenau
 - stad Tamins, Graubünden, Sveits
 - høgd 596 moh
 - koordinatar 46°49′24″N 9°24′27″E
Munning Nordsjøen
 - stad Hoek van Holland, Rotterdam, Nederland
 - høgd moh
 - koordinatar 51°58′54″N 4°4′50″E
Lengd 1 233 km
Nedslagsfelt 185 000 km²
Vassføring
 - middel 2 300 /s
Rhinen er ei av dei viktigaste elvane i Europa.
Rhinen er ei av dei viktigaste elvane i Europa.
Wikimedia Commons: Rhine
[1]

Rhinen (nederlandsk: Rijn, tysk: Rhein, fransk: Rhin, italiensk: Reno, romansk: Rein, engelsk: Rhine) er ei av dei lengste og viktigaste elvene i Europa med ei lengd på 1 230 km og med ei middelvassføring på meir enn 2 300 kubikkmeter per sekund. Namet på Rhinen kjem av det keltiske ordet Renos, som tyder «ho/den som strøymer».

Rhinen og Donau danna det meste av den nordlege grensa i Romarriket, og sidan dei dagar har Rhinen vore ei viktig transportåre, der ein frakta varer langt innover på kontinentet. Ho har mange gongar vore grunnlaget for regionale og internasjonale landegrenser. Dei mange slotta og prehistoriske festningane som ligg langs elva vitnar om at ho lenge har vore ein viktig vassveg. Elvetrafikken kunne stoppast på desse stadane, vanlegvis for å krevje toll, av staten som kontrollerte den delen av elva.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rhingjelet (Ruinaulta) i Graubünden i Sveits
Rhinen like nedanfor Bodensjøen
Marksburg nær Koblenz vart bygd i 1231
Rhinen med kjemisk industri ved Wesseling nær Köln

Sveits[endre | endre wikiteksten]

Rhinen sitt utspring er i dei sveitsiske Alpane i Graubünden, der dei to første sidelvene, Vorderrhein og Hinterrhein renn i saman. Vorderrhein har sitt utspring frå Tumasjøen nær Oberalppasset og passerer det imponerande Ruinaulta-området. Hinterrhein har sitt utspring frå Paradiesbreen nær Rheinquellhorn ved den sørlege grensa av Sveits. Ei anna sideelv har sitt utspring i Val di Lei i Italia. Begge desse elvene møtes ved Reichenau, i Graubünden. Frå Reichenau renn Rhinen nordover som Alpenrhein og passerer Chur og dannar grense med Liechtenstein og så Austerrike før ho renn ut i Bodensjøen. Vidare frå Bodensjøen renn ho vestover som Hochrhein og passerar Rhinfallet. Her møter ho elva Aare, og vassføringa vert dobla til nesten 1 000 kubikkmeter per sekund. Ho dannar grense mot Tyskland før ho snur nordover ved Basel.

Tyskland og Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Etter Basel, som Øvre Rhinen, dannar ho den sørlege delen av grensa mellom Tyskland og Frankrike i ein vid dal, før ho går innover i Tyskland ved Rheinstetten, nær Karlsruhe.

Med over 1 000 kilometer er Rhinen den lengste elva innanfor Tyskland, og det er her Rhinen møter dei fleste sideelvene sine, slik som Neckar, Main og seinare Moselle, som medverkar med ei vassføring på over 300 kubikkmeter per sekund.

Mellom Bingen og Bonn, som Middelrhinen, renn ho gjennom Rhinkløfta. Denne kløfta er ganske djup, og området er kjend for slotta og vingårdane som ligg her. Området er på Verdsarvlista til UNESCO og er kjend som «den romantiske Rhinen» med meir enn 40 slott og festningar frå Mellomalderen og mange vakre vinlandsbyar.

Sjølv om ein finn mykje industri langs Rhinen heilt opp til Sveits, er det langs Nedre Rhinen, i Ruhrområdet at flesteparten ligg, der elva renn gjennom storbyar som Köln, Düsseldorf og Duisburg. Ruhr, som renn ut i Rhinen nær Duisburg er overraskande rein med tanke på industrien som ligg langs breidda av ho, vert brukt som drikkevatn. Ho medverkar med ytterlegare 70 kubikkmeter vatn per sekund. Andre elvar frå Ruhrområdet, og særleg Emscher, fører derimot med seg forrureina vatn. Når ho nærmar seg den nederlandske grensa har Rhinen no ei middelvassføring på 2 290 kubikkmeter per sekund og ei breidd på meir enn 300 meter.

Nederland[endre | endre wikiteksten]

Rhinen snur så vestover og går inn i Nederland der ho i lag med elvene Meuse og Scheldt dannar eit stort elvedelta. Ho kryssar grensa til Nederland ved Spijk, og nær Nijmegen og Arnhem er Rhinen på sitt breiaste, men elva deler seg så i tre delar: Waal, Nederrijn («Nedre Rhinen») og IJssel.

Frå her vert situasjonen meir komplisert, sidan namnet Rhinen ikkje lenger vert brukt på nokre av elvane. Det meste av vatnet frå elva (to tredjedelar) renn vidare vestover gjennom Waal og så via Merwede og Nieuwe Merwede renn ho inn i Meuse, gjennom Hollands Diep og Haringvliet og ut i Nordsjøen. Beneden Merwede avgreinar seg nær Hardinxveld-Giessendam og held fram som Noord. Denne delen av elva slår seg saman med Lek nær landsbyen Kinderdijk og dannar elva Nieuwe Maas, som så renn forbi Rotterdam og via Het Scheur og Nieuwe Waterweg til Nordsjøen. Oude Maas avgreinar seg nær Dordrecht, og lenger ned møter ho Nieuwe Maas og dannar Het Scheur.

Den andre tredjedelen av vatnet renn gjennom Pannerdens Kanaal og fordelar seg i IJssel og Nederrijn. IJssel fører ein niande del av vassvolumet nordover og inn i IJsselmeer (ei tidlegare bukt), medan Nederrijn renn vestover parallelt med Waal og fører om lag to niandedelar av straumen. Ved Wijk bij Duurstede endrar Nederrijn derimot namn til Lek. Ho strøymer vidare vestover og renn tilbake igjen i Noord og Nieuwe Maas og så ut i Nordsjøen.

Namnet Rhinen vert herifrå brukt for mindre elvar lenger nord, som i romartida i lag danna hovudelva Rhinen. Sjølv om dei har same namn inneheld ikkje desse elvane lenger vatn frå Rhinen, men vert brukt for å føre vatn bort frå dei omliggande landområda og dikelandskapet. Frå Wijk bij Duurstede, den gamle nordlege delen av Rhinen, vert elva kalla Kromme Rijn («Den krumme Rhinen»), og etter Utrecht først Leidse Rijn («Rhinen i Leiden») og så Oude Rijn («Gamle Rhinen»). Den siste delen renn vestover og ut i ei sluse ved Katwijk, og så ut i Nordsjøen.

Store byar[endre | endre wikiteksten]

Basel, Strasbourg, Karlsruhe, Mannheim, Ludwigshafen, Wiesbaden, Mainz, Koblenz, Bonn, Köln, Düsseldorf, Neuss, Krefeld, Duisburg, Arnhem (Nederrijn), Nijmegen (Waal), Utrecht (Kromme Rijn), Rotterdam (Nieuwe Maas).

Mindre byar[endre | endre wikiteksten]

Konstanz, Schaffhausen, Breisach, Speyer, Worms, Bingen, Rüdesheim, Neuwied, Andernach, Bad Honnef, Königswinter, Niederkassel, Wesseling, Dormagen, Zons, Monheim, Wesel, Xanten, Emmerich, Zutphen (IJssel), Deventer (IJssel), Zwolle (IJssel), Kampen (IJssel).

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Vorderrhein

Sideelvar frå kjelda til munningen:

Bielvar[endre | endre wikiteksten]

Kanalar[endre | endre wikiteksten]

Prehistorisk[endre | endre wikiteksten]

Det har budd menneske, neandertalarar og cro-magnon-menneske i Rhinedalen så langt tilbake som for kanskje 100 000 år sidan. Under jarnalderen var begge sider av Rhinen folkesett av keltiske stammer, men rundt år 600 fvt. kryssa proto-germaniske stammer elvene Weser og Aller, og kom etter kvart til breidda av Rhinen. Dette er vist arkeologisk i form av Jastorfkulturen. Frå om lag 500 fvt. vart Rhinen grensa mellom dei keltiske og dei germanske stammene.

Historisk og militær relevans[endre | endre wikiteksten]

Soga om Rhinen byrja då forfattarar frå Romarriket byrja å skrive om Rhinen, og nesten alle dei klassiske kjeldene omtalar elva. Namnet er alltid det same: Rhenus på latin, Rhenos på gresk. Romarane såg på Rhinen som yttergrensa for sivilisasjon og fornuft, og på andre sida var det mytiske skapningar og ville germanske stammefolk, som romarane såg på som udyr. Sidan dette var villmark ynskja romarane å utforske ho. Dette er mellom anna skildra i Res Gestae Divi Augusti, ei lang offentleg inskripsjon av Augustus der han (eller forfattaren hans) skryt av dådane sine, inkludert ein ekspedisjon nord for Rhinen til Jylland, der ingen romarar tidlegare hadde vore (i følgje han sjølv).

Gjennom den lange historia til Romarriket vart Rhinen rekna som grensa mellom Gallia eller kelterane og det germanske folket, sjølv om grensa ofte vart broten, som då germanarane kryssa ho og slo seg saman med keltarane og danna belgarane (som var opphavet til Belgia). I tidlege kjelder var Rhinen alltid ei gallisk elv.

Då konflikten mellom romarane og germanarane voks, såg romarane seg nødt til å stasjonere troppar langs Rhinen. Dei hadde to armégrupper her (exercitus), ein underordna (nedre), og ein overordna (øvre), som er første gong ein kan skilje mellom nedre og øvre Germania. Opphavleg tydde dette antakelegvis berre oppstraums og nedstraums.

Romarane haldt åtte legionar i fem basar langs Rhinen. Kor mange legionar det var i området var avhengig av om det var krig eller trugsel om krig eller ikkje. Dei to militære distrikta påverka dei omliggande stammene, som seinare respekterte tydinga av alliansane og forbunda sine. Dei øvre germanske folka slo seg t.d. saman til allemanner. I ein periode fungerte ikkje Rhinen lenger som ei grense, då ein union av alle dei vestlege germanarane, frankarane, kryssa elva og okkuperte det romardominerte keltiske Gallia så langt som til Paris.

Etter kvart byrja språket og spele ei stor politisk rolle. Dei vest-germanske språka dissimilerte til tidlege utgåver av saksisk, fransk og tysk språk. Charlemagne samla alle frankarane i Det heilage romarriket, men han rådde ikkje over eit folk med same språk. Etter han døydde delte riket seg meir eller mindre opp langs språklinjene, der det tidlege franske språket vart snakka i Nederland, og det saksiske og tyske i det som vart Tyskland. Dei romaniserte frankarane vart franskmenn. Rhinen vart igjen ei politisk grense.

Rhinen som ei grense har vore og er eit mystisk og politisk symbol. Tyske forfattarar og komponistar har skrive mykje om ho. Under Den andre verdskrigen vart ho framleis rekna som ei heilag grense for Tyskland, og var framleis ein forsvarsbarriere som tyskarane kjempa særleg hardt for å forsvare.

Rhinen er nært knytt til mange viktige historiske hendingar — særleg militære hendingar — i tillegg til mytiske. Til dømes:

  • Ho var lenge eit grenseproblem mellom Frankrike og Tyskland. Franskmennene hadde eit ønske sidan Mellomalderen om at vestsida av Rhinen skulle vere fransk, og franske leiarar som Louis XIV og Napoleon Bonaparte prøvde med varierande hell og annektere landa vest for Rhinen. I 1840 braut Rhinkrisa ut, då den franske statsministeren Adolphe Thiers byrja å snakke om Rhingrensa. Som svar vart diktet og songen Die Wacht am Rhein (Vakta på Rhinen) komponert, som ropte på forsvar på den vestlege sida av Rhinen mot Frankrike. Under den fransk-prussiske krigen vart songen nærast ein nasjonalsong i Tyskland. Songen var òg populær under Den første verdskrigen og vart brukt i filmen Casablanca
  • Mot slutten av Den første verdskrigen var Rhineland underlagt Versaillestraktaten. Traktaten gjorde at området kunne okkuperast av dei allierte fram til 1935, og etter dette skulle det vere ei demilitarisert sone, der den tyske hæren var forbode. Tyskarane følte seg krenkte av Versaillestraktaten, og særleg denne delen av han, og dette er utpeikt som eit av forholda som gav Adolf Hitler makt. Dei allierte drog bort frå Rhineland i 1930 og den tyske hæren okkuperte området i 1936, noko som var særs populært i Tyskland.
  • Under Den andre verdskrigen vart det klart at Rhinen kom til å bli ei enorm naturleg hindring då dei allierte frå vest skulle invadere Tyskland. Fleire bruer over Rhinen vart særs viktige og strategiske punkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frijters and Leentvaar (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rhinen


Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek