Pleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 43°24′28″N 24°37′13″E
Pleven
Плевен
Kommune
Pleven TodorBozhinov (12).jpg
Hovudgata i Pleven
Våpenskjold
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Pleven
Koordinatar 43°24′28″N 24°37′13″E
Høgd 116 m
Areal 803,696 km² [1]
Folketal 131 152 (2011) [2]
Folketettleik 163,18 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 5800
Retningsnummer 064

Pleven
43°25′0″ N 24°37′0″ E
Pleven kommune i provinsen Pleven
Pleven kommune i provinsen Pleven
Wikimedia Commons: Pleven Municipality
Nettstad: pleven.bg

Pleven (bulgarsk Плевен) er ein by og ein kommune i provinsen Pleven i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Pleven og Slavjanovo, i tillegg til 23 andre busetnader. Han ligg nord i landet, og er den sjuande største byen i Bulgaria.

Kommunen har eit areal på 804 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 131 152 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 106 954 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Pleven høyrer heile kommunen Pleven i tillegg til kommunane Dolna Mitropolija og Dolni Dăbnik.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 162 886.[2]

Internasjonalt er byen kjend for Omleiringa av Pleven i 1877, og er i dag eit stort økonomisk senter nordvest i Bulgaria. Han ligg 170 km frå hovudstaden Sofia og 320 km frå kysten av Svartehavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over slaget 11. og 12. september 1877

Namnet Pleven dukkar opp i eit historisk dokument for første gong i 1266, då det låg ei festning her. Arkeologiske utgravingar har vist at det har budd menneske i området i langt lengre tid. Under det første hundreåret etter Kristus tok romararne over staden og kalle byen Storgosia. Av slavarane fekk byen seinare namnet Kamenec. Namnet Pleven kjem frå 1200-talet. Under osmanarane var Pleven ein sterk festning og garnisonsby, som utvikla seg til eit viktig forvaltings-, handels- og handverkssentrum.

Byen var ein viktig krigsskueplass under den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878, då den russiske tsaren Alexander II heldt byen for å kunne frigje Bulgaria. Den russiske og rumenske hæren betalte dyrt for sigeren, men opna vegen for at Det osmanske riket tapte krigen og at Bulgaria kunne verte sjølvstendig.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Pleven Плевен  106 954
Slavjanovo Славяново  3 868
Bukovlăk Буковлък  3 620
Jasen Ясен  2 442
Opanets Опанец  1 759
Grivitsa Гривица  1 699
Koilovtsi Коиловци  1 014
Brestovets Брестовец  1 012

Kjende personar frå Pleven[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pleven