Plovdiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 42°8′36″N 24°45′4″E
Plovdiv
Пловдив
Kommune
Panorama Plovdiv2.jpg
Utsyn over Plovdiv
Våpenskjold
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Plovdiv
Koordinatar 42°8′36″N 24°45′4″E
Høgd 164 m
Areal 101,969 km² [1]
Folketal 338 153 (2011) [2]
Folketettleik 3 316,23 / km²
Borgarmeister Ivan Tsjomakov
Tidssone EET (UTC+2)

Plovdiv
42°8′36″ N 24°45′4″ E
Plovdiv kommune i provinsen Plovdiv
Plovdiv kommune i provinsen Plovdiv
Nettstad: www.plovdiv.bg

Plovdiv (bulgarsk Пловдив) er ein by og ein kommune i provinsen Plovdiv sør i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar berre sjølve byen Plovdiv, som er den nest største byen i Bulgaria etter hovudstaden Sofia.

Byen ligg ved elva Maritsa, om lag 130 km aust for Sofia og er den største og viktigaste byen i det historiske området Øvre Thrakia eller Nord-Thrakia, vidkjend for sin eldgamle, mangfaldige kultur og tusenårige historie.

Areal og folketal[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit areal på 102 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 338 153 innbyggjarar.[2]

Den einaste busetnaden i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Plovdiv Пловдив  338 153

Storbyområdet[endre | endre wikiteksten]

Til storbyområdet for Plovdiv høyrer heile kommunen Plovdiv i tillegg til kommunane:[3]

Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 525 829.[2]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Byen Plovdiv er delt inn i seks distrikt.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plovdiv si historie strekkjer seg 6 000 år tilbake i tid, noko som gjer byen til ein av dei eldste byane i Europa. Byen heitte Eumolpia då han i 342 f.Kr. vart erobra av Filip II av Makedonia, som omdøypte byen til Filippopolis. Byen vart seinare ein sjøvstendig thrakisk by under namnet Pulpudeva, før han vart ein del av Romarriket og hovudstad i Thrakia. Romarane kalla byen Thrimontium.

Slavarane erobra byen på 500-talet før bulgararane tok over byen i 815. Namnet Plovdiv fekk byen på 1400-talet.

Då Bulgaria var under Det osmanske riket på 1800-talet, vart den bulgarske kampen for sjølvstende leia frå Plovdiv, men då byen vart frisett frå osmanarane etter Slaget ved Plovdiv i 1878 vart han likevel ikkje ein del av fyrstedømet Bulgaria, og vart i staden hovudstad i det osmanske Aust-Rumelia fram til 1885 då han vart ein del av Bulgaria.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
  4. Administrative-territorial and territorial division of the Republic of Bulgaria as of 31 December 2019 («Administrativ-territoriell og territoriell inndeling av Republikken Bulgaria per 31 desember 2019»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet», publisert 21.05.2020)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Plovdiv