Pointe de Grave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pointe de Grave er den nordlegaste enden av halvøya Médoc og den furukledde og sanddekte kysten av Landes vest i Frankrike. Neset ligg nær feriebyen Royan.

Cordouan fyr ligg utanfor neset, og eit anna fyr, på kysten, inneheld eit fyrmuseum.

Neset har ei strategisk viktig plassering ved munningen til elva Gironde, og tyskarane bygde ei festning her under den andre verdskrigen, bygd for å forsvare elvemunningen. Det gamle blokkhuset gjev eit flott utsyn over Atlanterhavet, Cordouan fyret, elvemunningen til Gironde, Royan, La Coubre-fyret, og lenger opp kysten frå Royan halvøya Médoc.

Under den første verdskrigen landa amerikanske troppar her, og eit monument som vart oppretta etter krigen vart seinare øydelagd av tyskarane under okkupasjonen av Frankrike under den andre verdskrigen.