Landes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landes
Våpenskjoldet til Landes
Plassering
Plasseringa til Landes i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 40
Region: Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes
Préfecture: Mont-de-Marsan
Sous-préfectures: Dax
Arrondissement: 2
Kantonar: 30
Kommunar: 331
Président du conseil général: Henri Emmanuelli
Statistikk
Folketal Rangering 68.
 -2007 367 492
Folketettleik: 40/km²
Landareal¹: 9 243 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Landes er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landes er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne.

Handlinga i romanane til forfattaren François Mauriac, som vann Nobelprisen i litteratur, var sett til Landes.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landes er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Gironde, Lot-et-Garonne, Gers og Pyrénées-Atlantiques, i tillegg til Biscayabukta og Atlanterhavet i vest. Med eit areal på over 9 000 km² er Landes det nest største departementet i den europeiske delen av Frankrike etter Gironde.

Departementet er kjend for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa. Landsbyane Mimizan og Hossegor, som ligg ved stranda, trekkjer til seg mange surfarar kvart år.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landes har store område med strandfuruskogar, som gjev tømmer og harpiks i området. Skogane vart planta tidleg på 1800-talet for å hindre at sjøen eroderte bort det sandrike jordsmonnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Landes