Poitou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Poitou i Frankrike i 1789.

Poitou er ein historisk provins i Frankrike på den sentrale vestkysten av landet. Provinshovudstaden var Poitiers. Han blei seinare del av regionen Poitou-Charentes, og frå 2016 del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.

I tillegg til Poitiers er andre historisk viktige byar her Châtellerault, Niort, La Roche-sur-Yon, Thouars og Parthenay.

I området ligg eit stort sumpland kalla Poitevin-sumpen (fransk Marais Poitevin) ved Poitou-bukta, like nord for La Rochelle.

Husdyr[endre | endre wikiteksten]

Poitou-esel

Fleire husdyrslag har namn etter området. Poitou-eselet, også kjent som Baudet du Poitou eller Poitevin , er eit av dei største eselslaga som finst og er kjenneteikna av tjukk pels. Poitevin-hestar blei kryssa med slike esel for å produsera store poitou-muldyr. Poitou-geit er ei mjølkegeit frå området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]