Hopp til innhald

Poitiers

Poitiers
Byvåpenet til Poitiers
Byvåpen
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Vienne
Flatevidd 42,11 km²
Flatevidd
  By

42,11 km²
Innbyggjarar
  By (2004)
   - folketettleik

85 800
  2 037/km²
Koordinatar 46°34′55″N 00°20′10″E / 46.58194°N 0.33611°E / 46.58194; 0.33611
Høgd 75 m
Tidssone CET (UTC+1)
Nettstad: www.mairie-poitiers.fr

Poitiers er ein by ved elva Clain vest i sentrale område av Frankrike. Han er prefecture (hovudstad) i departementet Vienne og hovudstad i regionen Nouvelle-Aquitaine. Byen er biletskjønn der gatene har restar etter antikk arkitektur, særleg frå romansk periode, og spor etter mange store historiske hendingar.

Byen har om lag 85 000 innbyggjarar, og ligg strategisk til ved Seuil du Poitou, ei grunn sone der Massif armoricain møter Massif Central. Byen ligg i eit høgare område mellom dalane til elvene Boivre og Clain.

Folk i Poitiers vert kalla pictaviens (menn) og picatviennes (kvinner).

Poitiers vart grunnlagd før Romarriket av keltiske piktarar. Under slaget ved Poitiers 10. oktober 732 slo ein frankisk armé under Karl Martell den framrykkande arabiske arméen.

Under Hundreårskrigen stod det eit anna stort slag ved Poitiers, då ein fransk hær vart slått av engelske styrkar den 19. september 1356.

Karl VII av Frankrike grunnla universitetet i byen i 1432.

Kjende folk frå Poitiers

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]