Polarium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Polarium
Utviklar(ar)Mitchell Corporation
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Takamitsu Hagiwara
Design(ar)Takamitsu Hagiwara
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingJP: 2. desember 2004
NA: 18. april 2005
EU: 11. mars 2005
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Polarium er eit hjernetrimspel utvikla av Mitchell Corporation. Det vart utgjeve av Nintendo til Nintendo DS i 2004 i Japan og i 2005 i Europa og Nord-Amerika. I spelet bruker spelaren ein penn til å teikne samanhengande linjer på trykkskjermen på DS-konsollen, for å snu om på svarte og kvite fliser på eit brett. Dersom spelaren klarer å lage horisontale rekker med berre svarte eller kvite fliser, blir dei fjerna frå brettet.

Spelet har ulike modusar. I modusen «Puzzle» har spelaren uavgrensa tid og skal fjerne fliser frå eitt brett ved å teikne ei samanhengande linje. I modusen «Challenge» fell fliser konstant ned frå toppen av skjermen. Spelaren skal her eliminere flisene ved å teikne linjer for å snu om på dei og danne horisontale rekker med same farge, før skjermen blir heilt fylt opp av fliser.[1]

Ei Game Boy Advance-utgåve av spelet, titulert Polarium Advance, vart utgjeven i 2006 i Europa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ANMELDELSE: Polarium». Gamer.no. Henta 8. februar 2020. 
  2. «Polarium Advance og Drill Dozer til Europa». Gamer.no. 8. mars 2006. Henta 8. februar 2020.