Politisk fange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Ein politisk fange er ein person som er fengsla eller på annan måte frarøva sin handlings- og ytringsfridom. Oftast fordi deira idéar eller reine nærvær, vert vurdert som ei utfordring eller trussel mot styresmaktene. Ein politisk fange er gjerne òg ein samvitsfange.

I mange høve har den politiske fangen gjerne vorte fengsla utan lovbelegg direkte gjennom utenomrettslige prosessar.

Det hender  òg at den politiske fange vert arrestert og dømt  der falske tiltaler, falske prov, og urettvise rettssaker vert brukt for å skjula det faktum at vedkomande er ein politisk fange. Dette er vanleg i situasjonar der utenomrettslig fengsling gjerne ville ført til nasjonal eller internasjonal fordøming for brot på menneskerettane til ein person med avvikande politiske synspunkt. Ein politisk fange kan òg vera ein person som på urettmessig vis har vorte frarøva høvet til kausjon eller prøvelauslating når det er rimeleg å tru at dette hadde vorte gjeve til ein annan person for eit liknande lovbrot, eller at spesielle rettslege tiltak har vorte sett i verk for å forhindra dette.

Spesielt i sistnemnde tilfelle kan det om personen vert vurdert som ein politisk fange eller ikkje, avhenga mykje av subjektive politiske perspektiv eller tolking av bevismaterialet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]