Polyakrylamid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Strukturen til polyakrylamid

Polyakrylamid er ein vassløyseleg polymer frå amidet til akrylsyre (akrylamid). Han vert nytta mellom anna som fortjukkingsmiddel, som flokkuleringsmiddel ved vassreinsing og i form av vasshaldige gelar (fornetta kopolymerar av akrylamid) til fråskiljing av biologiske stoff som til dømes protein med gelelektroforese. Vatn fortjukna med delvis hydrolysert polyakrylamid kan i einskilde tilfelle nyttast til innsprøyting i oljereservoar for å auka oljeutvinningsgraden. Polyakrylamid vert òg nytta som tetningsstoff ved vassinntrenging i tunnelar og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]