Polysemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Polysemi (av gresk poly- «mange» og sem «tyding») er i semantikken eit fenomen der eitt leksem har fleire relaterte tydingar som har sprunge ut frå ei grunntyding (i motsetning til homonymi, kor det er ulike grunntydingar).

Slår ein opp ordet bank, vil ein først finne (iallfall) to homonyme tydingar, men innanfor desse finst det fleire relaterte tydingar. Dei eine tydinga kan delast inn i dei to polyseme tydingane «slag» eller «juling», medan den andre kan delast inn i dei polyseme tydingane «institusjon som driv pengehandel», «bygning kor ein bank held til», «lagringsstad», «pott i hasardspill».

Dei polyseme tydingane til ei hovudtyding er historiske kognatar, dei kjem opphavleg frå eit ord som har gått gjennom tydingsforskyvingar (dette er resultat frå diakron lingvistikk). Av og til kan grensene mellom homonymi og polysemi vere veldig uklåre; viss tydingsvariantane til eit ord gjennom tidene har vandra langt nok frå kvarandre kan ein definere dei som homonyme i staden for polyseme, sjølv om dei har same opphav.

Polyseme tydingar kan vere kopla saman ved forskjellige tydingsrelasjonar, som metafor eller metonymi.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.