Popol Vuh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar, sjå Popol Vuh (fleirtyding).
Francisco Ximénez sin kopi av Popol Vuh, det eldste bevarte eksemplaret av tekstsamlinga.

Popol Vuh eller Popol Wuj[1] (moderne k’iche’ [popol wuʔuχ]) er ei samling av mytologiske forteljingar og kongelege stamtavler frå det mayiske postklassiske quichériket Q'umarkaj, som låg i høglandet til det noverande Guatemala. Verket inneheld mellom anna den mayiske skapingssoga, gudesoger og forteljinga om dei to tvillingheltane Hunahpu og Xbalanqué. Opphavet og historia til quichéfolket og kongerekkja deira fram til 1550 er òg med. Namnet «Popol Vuh» kan omsetjast som 'boka åt rådet', 'boka åt felleskapet' eller meir bokstaveleg 'boka åt folket'.

Popol Vuh er eit viktig dokument til førkolumbisk mayamytologi og kultur. Teksten blei opphavleg skriven ned på k’iche’ med spanske (latinske) bokstavar mellom 1554 og 1558. Denne boka blei funnen først på 1700-talet av soknepresten Francisco Ximénez (eller Jiménez), som både kopierte den opphavlege teksten og omsette han til spansk. K’iche’teksten hans gjekk tapt, men den spanske blei teken vare på.

Norske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Namnet skal skrivast Popol Wuj etter ein ny standardisert ortografi for mayaspråk vedteke av Academia de las Lenguas Mayas. Kjelde: Lars Kirkhusmo Pharo si innleiing til Myter fra Meso-Amerika, 2007, oppgjeve av Wikipedia på bokmål.

Vuh «Popol_Wuj» i Store norske leksikon, snl.no.

  • «Popol Vuh» (2011). Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica