Port Blair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Port Blair
Sentrum av Port Blair desember 2004. Biletet er teke berre nokre dagar før Jordskjelvet i Indiahavet 2004.
Land  India
Region Andamanane og Nikobarane
Distrikt Andaman
Areal 16,64 km²
Folketal 100 186
Tidssone UTC+5:30
Kart
Port Blair
11°40′00″N 92°45′00″E / 11.666666666667°N 92.75°E / 11.666666666667; 92.75
Wikimedia Commons: Port Blair

Port Blair er hovudstaden i det indiske forbundsterritoriet Andamanane og Nikobarane. Byen ligg på øya South Andaman, og har rundt 112 100 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Britane byrja interessera seg for Andamanøyane i 1788. Det var då lord Cornwallis, dåverande generalguvernør for India, gav løytnant Archibald Blair og løytnant R.H. Colebrook frå den britiske marinen i oppdrag å kartleggja øyane og rapportera tilbake. Rapporten deira råda til kolonisering. Allereie året etter grunnla løytnant Blair det første britiske støttepunktet, som vart kalla Port Cornwallis. Seinare vart namnet endra til Port Blair.

Chatham Island utanfor Port Blair

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Det går ferjar mellom Port Blair og Kolkata, Chennai og Vishakhapatnam og til øyane rundt. Flyplassen i byen er Vire Savarkar lufthamn, med daglege avgangar til det indiske fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]