Port Nelson i Manitoba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Port Nelson
busetnad
Bunkhouses and warehouses, Port Nelson, 1918.jpg
Port Nelson i 1918
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada

Port Nelson i Manitoba
57°3′17″ N 92°35′54″ W
Wikimedia Commons: Port Nelson, Manitoba

Port Nelson er ein tidlegare busetnad ved Hudsonbukta i Manitoba i Canada, like ved munningen av Nelsonelva. Staden hadde den største folkesetnaden sin tidleg på 1900-talet med rundt 1 000 innbyggjaarar. I dag er han ein spøkelsesby.[1] Sør-søraust for Port Nelson ligg munningen av Hayeselva og busetnaden og handelsposten York Factory, som var hovudkvarteret for den nordlege avdelinga av Hudson's Bay Company frå 1821 til 1873.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over munningen av Nelsonelva med Hayes River synleg nedst (1927)

Port Nelson fekk namn av Thomas Button, som overvintra her i 1612. Han kom hit 15. august 1612 under leiting etter ei hamn på vestkysten av Hudsonbukta der han kunne vøla skader som båten hadde fått i ein kraftig storm. Han fann munningen av ei stor elv, og kalla staden Port Nelson, etter kapteinen på skipet sitt. Kapteinen blei gravlagd her.[2]

I over hundre år kom det kvart år gjennomsnittleg to til fire seglskuter til hamna, ofte saman med krigsskip, som hadde kome frå Europa og Nord-Amerika. Dei vendte tilbake med last via denne einaste tilgjengelege ruta via Hudsonsundet.[2]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Port Nelson i 1915

Tidleg på 1900-talet såg styresmaktene i Canada ein trong for ei stor hamn i Hudsonbukta for å kunna tena båtar som frakta korn frå sentrale Canada. I 1912 blei Port Nelson vald framfor Churhill (ved munningen av Churchill-elva) til å bli endepunktet for Hudson Bay-jernbanen, byggearbeid som allereie var sett i gang frå The Pas i 1910.[1]

Då Canada kom med i fyrste verdskrigen blei det mangel på materiale og arbeidskraft, og endå meir merkbart fall politisk og finansiell støtte bort. Prosjektet heldt fram i nokre få år fram til 1918, då alt arbeidet stopp opp og staden blei forlaten.[1] Hudson Bay-jernbanen nådde aldri Port Nelson, og spora blei forlatne fram til 1927, då Churchill blei vald som det nordlege endepunktet. Byggjearbeida byrja att, og blei ferdigstilte i 1929.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Malaher, David (høsten 1984). «Port Nelson and the Hudson Bay Railway». Manitoba History (Manitoba Historical Society) (8). ISSN 0226-5036. Henta 20. august 2010. 
  2. 2,0 2,1 John Macoun; George Monro Grant; Alexander Begg; John Campbell McLagan (1882). Manitoba and the great Northwest: the field for investment; the home of the emigrant, being a full and complete history of the country. The World Publishing Company/Google Books. s. 595–687.