Porthleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Porthleven
by
none
Land Flag of England.svg England
Region South West England
Fylke Cornwall
Wikimedia Commons: Porthleven

Porthleven er ein fiskarby som ligg sør i Cornwall i England.[1] Byen har 3 059 innbyggjarar (2011).[2] Han har den sørlegaste hamna på øya Storbritannia.[3]

Denne delen av Cornwall-kysten har ei lang historie med skipbrot. Særleg Loe Bar i nærleiken er kjend som ein farleg stad som symjarar og surfarar blir åtvara mot framleis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Porthleven» er sett saman av Porth eller Port, som tyder 'hamn', og anten leven som er kornisk for 'glatt', eller St Elvan, etter ein helgen frå 400-talet. Det fanst tidlegare ei busetjing i nærleiken som heitte St Elvan.[4]

Staden Porthleven ligg på var opphavleg ei myrete vik med ein bekk som markerte skiljet mellom sokna Breage og Sithney. På 1300-talet var det ein liten fiskarlandsby her. På 1700-talet slo også gards- og gruvearbeidarar seg ned her. Landsbyen blei kalla Porth Leuan eller Port Leven. Soknet Porthleven blei skipa i 1846.[4]

Hamna i Porthleven blei bygd tidleg på 1800-talet som ei trygg hamn ved ein farleg kyst. I 1807 grunnstøtte frigatten HMS «Anson» på Loe Bar, og ein rekner med at 130 menneske drukna. Dette førte til ei parlamentsavgjerd om å byggja ei trygg hamn ved banken.[4] Den opphavlege hamna vende mot sørvest, like mot dei sterkaste vindane.[5] Ho stod ferdig i 1825, etter fjorten års byggjearbeid der franske krigsfangar frå napoleonskrigane deltok.[4] Seinare blei det også bygd ei endå tryggare indre hamn. Denne blei laga i 1858.[5]

Redningsbåtorganisasjonen Royal National Lifeboat Institution (RNLI) plasserte ein livbåt her i 1863. Eit båthus med slipp blei bygd for han i 1894 på vestsida av hamna. Stasjonen blei stengd i 1929 då ein tok i bruk redningsbåtar med motor som kunne dekkja heile Mount's Bay frå The Lizard og Penlee i staden. Båthuset blei brukt som lagerstad fram til det blei gjort om til museumet Shipwreck Centre.[6]

Byen hadde ein stor fiskarflåte og båtbyggeindustri. Folketalet i 1900 var nesten 2000. Den tradisjonelle trebåtindustrien gjekk etterkvart tilbake. Fisket fortsette til ein viss grad, og det finst i dag fleire sjømatrestaurantar i byen.[4] Mellom anna har kjendiskokken Rick Stein ein restaurant her.[7]

Turisme er blitt stadig viktigare for Porthleven.[4] Han er blitt ein viktig surfestad.[8] Kajakkpadling er ein anna populært aktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordnance Survey linked data
  2. Neighbourhood statistics
  3. «Cornwall Online - The Lizard Peninsula Guide». Arkivert frå originalen den 2 May 2016. https://web.archive.org/web/20160502001051/http://www.lizard-peninsula.co.uk:80/Welcome.html. Henta 2016-10-19. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 The History Of Porthleven In Cornwall, porthleven-online.com, http://www.porthleven-online.com/custom9.html, henta 31. juli 
  5. 5,0 5,1 Porthleven Harbour In Cornwall - Unspoilt Fishing Harbour, porthleven-online.com, http://www.porthleven-online.com/custom.html, henta 31. juli 2017 
  6. Leach, Nicholas (2006) [2000]. Cornwall's Lifeboat Heritage. Chacewater: Twelveheads Press. s. 37–38. ISBN 0-906294-43-6. 
  7. «Rick Stein's restaurant in Porthleven». 2015-09-01. https://www.rickstein.com/eat-with-us/porthleven/. Henta 2016-10-19. 
  8. «Porthleven Spot Guide - Surf Forecast and Report». http://magicseaweed.com/Porthleven-Surf-Guide/1253/. Henta 2016-10-19. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]