Portland i Maine
Portland | |
---|---|
Styresmakter | |
County | Cumberland |
Geografi | |
Innbyggjarar - By - Storbyområde |
64 249 230 000 |
Diverse anna | |
Nettstad: www.ci.portland.me.us |
Portland er den største byen i den amerikanske delstaten Maine. Byen ligg ved atlanterhavskysten, i Cumberland County sør i delstaten. Portland er i dag det økonomiske og kulturelle senteret av Maine, og er eit populært turistmål på grunn av det historiske hamneområdet.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Portland har hatt fleire namn. Urfolka som først budde her kalla staden Machigonne. Britane som slo seg ned her i 1632 grunnla ein hamneby dei kalla Casco, seinare, i 1658, Falmouth. Byen blei lagd i ruinar av wampanoagane i 1675, og igjen i 1775 av britane under sjølvstendekrigen.
Ein del av Falmouth kjend som The Neck ('Halsen'), blei bygd ut som hamneområde skild frå resten av byen, og fekk namnet Portland i 1786. Portland var delstatshovudstad i Maine frå staten blei medlem av USA i 1820 til 1832, då hovudstaden blei flytt til Augusta.
I 1866 brann mykje av Portland ned til grunnen på den amerikanske sjølvstendedagen, 4. juli. Byen blei hovudsakleg bygd opp att i stein- og murbygningar.
Folk frå Portland[endre | endre wikiteksten]
- John Erik Riley (f. 1970), norsk forfatter, sentralt i den såkalla Blindernkretsen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Portland i Maine» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2008.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.