Isle of Portland

Koordinatar: 50°33′N 2°26′W / 50.550°N 2.433°W / 50.550; -2.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isle of Portland

Utsyn over Fortuneswell og Chesil Beach
Utsyn over Fortuneswell og Chesil Beach
Utsyn over Fortuneswell og Chesil Beach
Plassering
Isle of Portland is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt Weymouth and Portland
Geografi
Koordinatar 50°33′N 2°26′W / 50.550°N 2.433°W / 50.550; -2.433
Diverse annan informasjon
Postnummer DT5
Telefon-retningsnummer 01305
Commons har multimedium som gjeld: Isle of Portland

Isle of Portland er ei halvøy i Den engelske kanalen 8 km sør for feriestaden Weymouth og det sørlegaste punktet i grevskapet Dorset i England. Halvøya består av kalkstein og er 6 km lang og 2,4 km på det breiaste. Ho er knytt til fastlandet via den smale sandtangen Chesil Beach og ei bru. Portland og Weymouth dannar i lag distriktet Weymouth and Portland. Portland har nesten 13 000 innbyggjarar.

Portland er ein sentral del av Jurassic Coast, ein verdsarvstad i Dorset og det austlege Devon, kjend for dei spesielle geologiske tilhøva her. Namnet vert nytta om eit av dei britiske havområda og fleire byar i Nord-Amerika og Australia er kalla opp etter staden. Det vart framleis hogge ut portlandssandstein her som vert nytta i mykje britisk arkitektur, mellom anna St Paul's Cathedral og Buckingham Palace.

Den store, djupe kunstige hamna på nordsida av Portland var base for Royal Navy under den første og den andre verdskrigen. Den britiske marinen og NATO hadde øvingar i farvatnet her fram til 1990-åra. Hamna er i dag ei sivil hamn og eit populært fritidsområde. Konkurransane innan segling i sommar-OL 2012 blei halde her.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isle of Portland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]