Portstewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portstewart
by
Land  Nord-Irland
Fylke County Derry
Distrikt Coleraine
Folketal 7 803
Kart
Portstewart
55°10′48″N 6°42′40″W / 55.18°N 6.711°W / 55.18; -6.711
Wikimedia Commons: Portstewart

Portstewart er ein liten kystby i grevskapet Derry i Nord-Irland. Han ligg like nord for Portrush i Republikken Irland.

Turisme er ei viktig næring for byen, som er kjend for si fine strand. Denne er rundt 3 km, og tilhøyrer National Trust. Ho er populær blant surfarar. Byen har tre golfbanar, som alle tilhøyrer Portstewart Golf Club. Å spele golf her er ei spesiell utfordring på grunn av den sterke vinden som nesten alltid bles inn frå Atlanterhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjøsida av Portstewart.

Portstewart blei grunnlagd i 1792 av John Cromie, som kalla han opp etter forfedrane sine på morssida, familien Stewart frå Ballylesse.[1] Ein løytnat Stewart skal ha fått leige landet av jarlen av Antrim i 1734.[2] Tidlegare var området kjend som Port na Binne Uaine, eit namn som viser til øya Benoney (Binne Uaine) i nærleiken.[3] Namnet Port na Binne Uaine er framleis i bruk i dag, saman med den gæliskifiserte versjonen av det engelske namnet, Port Stíobhaird.[4]

Området har vore folkesett sidan yngre steinalder, men fram til midten av 1700-talet var ikkje Portstewart stort meir enn ein fiskarlandsby. På midten av 1800-talet blei byen utvikla til ein liten feriestad av den lokale landeigaren John Cromie. Utviklinga og karacteren til byen blei sterkt påverka av sabbatarianismen til Cromie-familien, og motstanden mot jernbanesamband som følge av dette. I hundreåret som følgde hadde nabobyen Portrush ei kraftigare utvikling med masseturisme enn Portstewart. Trass i trikkesamband mellom Portstewart og Cromore blei byen verande ein meir eksklusiv stad. Då biltransport blei viktigare på 1900-talet fekk Portstewart fleire vitjande, og blei også meir av ein soveby på grunn av nærleiken til Coleraine.

Frå 1950- til 1980-åra var hovudutviklinga i byen basert på utvikling av bustadsområde. Rundt 2000 førte ein auke i studentar og bruk av hus i byen som ferieheimar til at mange meinte han hadde endra karakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Logainm – Portstewart (see scanned images), arkivert frå originalen 23. september 2012, henta 11. august 2017 
  2. BBC – Portstewart
  3. Logainm – Portstewart, arkivert frå originalen 23. september 2012, henta 11. august 2017 
  4. [1] Web page of the Port na Binne Uaine branch of Conradh na Gaeilge

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Portstewart