Potemkins kulisser
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Potemkinby eller Potemkinkulisse er ei nemning for ein falsk fasade eller overflate for å skjula det verkelege utsjåande, vanlegvis i propagandaøyemed. Slike kulissebyer har òg vorte bygd for å forvirra fiendtlige bombefly, særleg under andre verdskrigen.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Nemninga skal ha kome frå den russiske fyrsten Grigorij Potemkin som før keiserinne Katarina IIs besøk til Krim 1787 sørgt for å byggja opp kulisser av fasadar utan bakgrunn langs dei øyda breiddene av Dnepr som skulle gje eit inntrykk av større velstand og utvikling enn kva det verkeleg var. Slik kunne han gje eit inntrykk av at han hadde kome lengre i utviklinga av den nyleg erobra halvøya under det russisk-tyrkiske krig (1787–1792).
Historikaren Simon Sebag Montefiore som blant anna har skrivet biografien Potemkin og Katarina den store – ein keiserlig samband, meiner at desse kulissene er ein myte som vart lansert av hans politiske fiendar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Potemkinby» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |