Potetstappe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Potetstappe

Potetmos, potetpuré eller potetstappe er ein matrett laga av kokt potet som er moste saman. Ofte kan ein tilsetja salt, mjølk og/eller smør til stappa, og eventuelt andre smakstilsetjingar som ost, lauk, graslauk og ulike andre krydder. Ein kan mosa potetene med ein eigen reiskap, ein potetstappar.[1] Ein potetrisar gjev ei jamn, klumpefri stappe.[2]

Potetstappe er vanleg som tilbehøyr til mange rettar, i norsk mattradisjon gjerne til kjøttrettar som pølse og kjøttboller, men også til fiskepinnar og fleire andre rettar. Ein utbreidd britisk rett er bangers and mash eller pølse og potetstappe.

Ein kan også bruka potetstappe som ingrediens i ulike andre rettar, som shepherd's pie og cottage pie, pierogi, colcannon, kumle, potetpannekake, krokettar, gnocchi og samosa. Ei svært rennande form for potetstappe blir kalla mousseline-potet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Commercial America. The Philadelphia Commercial Museum. 1910. s. 27. Henta 9. januar 2017. 
  2. Simmons, M.; Table, Sur La (2008). Things Cooks Love: Implements, Ingredients, Recipes. Andrews McMeel Publishing. s. 133. ISBN 978-0-7407-6976-4. Henta 9. januar 2017. 
  3. Dupree, Nathalie (1. november 2012). Mastering the Art of Southern Cooking. Gibbs Smith. ISBN 978-1-4236-2316-8.