Pottemakeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pottemakeri og pottemakar utført i keramikk.
Foto: Immanuel Giel
Pottemakar formar leire på ei elektrisk dreieskive.

Pottemakeri er det å tilverkna leire til ulike gjenstandar, kalla keramikk. Ein som lagar slike gjenstandar blir kalla pottemakar eller keramikar. Eit pottemakeri kan også vera verkstaden til ein pottemakar.

Pottemakeri er ein av dei eldste teknologiane og kunstformene me kjenner til. Det er kjend frå store delar av verda, og er framleis ein viktig industri i dag.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Innan pottemakeri er hendene viktigaste reiskapene til å arbeida med og forma leira. Det er også utvikla ulike hjelpemiddel, der dreieskiva er særleg viktig. Ei slik skive er eit rørleg underlag for leira som skal formast, og gjer det mogleg å laga jamn og symmetrisk keramikk.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det har vore laga keramikk sidan eldre steinalder, og teknikken er truleg funne opp fleire ulike stader. Den eldste keramikkgjenstanden som er funne er «Venus frå Dolní Věstonice», ein rundt 26 000 år gammal gravettien-kvinnefigur funne i Tsjekkia. Dei eldste krukkene er 17 500-18 300 år gamle og er funne i Yuchanyan-hòla i Kina. Under ubaidperioden, for 8 000-6 000 år sidan, blei dreieskiva funne opp i Mesopotamia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pottemakeri
Spire Denne teknologiartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.