Prakthette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prakthette
Prakthette
Prakthette
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Hettesoppar Mycena
Art: Prakthette M. floridula
Vitskapleg namn
Mycena floridula

Prakthette (Mycena floridula) er ein mellomstor hettesopp med raud til rosa hatt. Hatten bleiknar mot gulkvit, ofte med eit rosa skjær; og er 0,5–1,5 centimeter på tvers.

Prakthette veks i det same habitatet som elfenbeinhette, som ho òg liknar når ho bleiknar. Somme har rekna prakthette som eit rosa avbrigde av elfenbeinhette og vidare studiar trengst for å avklåra om det er tale om to ulike artar.

Prakthette veks i grupper mellom gras og mose om sumaren og hausten. Arten er relativt sjeldan i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]