Mose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mose på ein turr steinvegg.

Mosar er ei primitiv gruppe plantar som veks i fuktige miljø over heile verda. Dei skil seg frå andre landplantar ved å ha det haploide gametofyttstadiet som den dominerande delen av livssyklusen, og manglar klorofyll i den parasittiske sporofytten. Dei manglar òg leiingsvev for væske og næringsstoff, og har korkje blomar eller frø.

Det har vekse mose på jorda i over 400 millionar år, og dei er tilpassa ei rekkje ulike miljø. Sjølv om dei i teorien er avhengige av vatn, kan mange av dei overleva særs lenge i uttørka tilstand.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Mosar har, som dei andre plantane, generasjonsveksling mellom ein haploid gametofytt og ein diploid sporofytt. Gametofyttstadiet er ofte fleirårig, og består av fotosyntetiserande celler (anten i eit thallus eller differensiert i rot, stengel og blad). Det produserer haploide kjønnsceller (gametar) som formeirar seg og vert til ein diploid sporofytt, som veks parasittisk på morplanta.

Som regel består sporofytten av ein kapsel med sporangium som er fest til morplanten med ein lang stilk. Dei haploide sporane vert spreidd med vinden. Nokre mosar er særkjønna, medan andre dannar både hann- og ho-sporar i same sporofytt.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ein delar mosar inn i tre rekkjer, nålkapselmosar (anthocerotophyta), levermosar (marchantiophyta) og bladmosar (bryophyta).

Mosane vert systematisk sett ofte rekna som ei kunstig eller parafyletisk gruppe. Ein reknar nemleg med at karplantane stammar frå gruppa, og at somme mosar såleis er nærare i slekt med dei enn med resten av mosane. Somme nyare undersøkingar, mellom anna basert på samanlikning av mitokondrielt DNA, tyder derimot på at mosane anten utgjer ei monofyletisk gruppe (det vil seie at dei er nærare i slekt med kvarandre enn med andre landplantar) eller at lever- og bladmosane er nærare i slekt med kvarandre enn med korkje karplantar eller nålkapselmosar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]