Pratt Institute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pratt Institute

Grunnlagt1887
StadBrooklyn
Studentar4 353 (september 2020)
Tilsette1 637 (september 2020)
Nettstadhttps://www.pratt.edu/ (engelsk)
DeKalb Avenue Gate på hovudcampusen.

Pratt Institute er ein privat amerikansk høgskole i New York. Hovudcampusen ligg i Brooklyn, medan skulen har andre campusar på Manhattan og i Utica.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pratt Institute blei grunnlagt i 1887, og dreiv då særleg med utdanning innan teknologi, arkitektur og kunst. I dag har det særleg fokus på arkitektur, interiørarkitektur og industriell formgjeving på kandidat- og magisternivå.

Pratt Institute blei grunnlagt og finansiert av oljemannen Charles Pratt (1830–1891) med middel som han hadde tent frå selskapa sine Astral Oil og Charles Pratt and Company. Pratt, som ikkje sjølv hadde fått høgskuleutdanning, ville gje arbeidarklasseungdommar høve til å studera på høgskolenivå. Han kjøpte inn land i heimbyen sin Clinton Hill, og lét oppføra eit skulebygg ved Clinton Avenue, to kvartal frå bustaden sin. Høgskolen var ein av dei fyrste i USA som var open for alle typar studentar.

Familien til Pratt har tatt aktiv del i drifta av skulen. Charles Pratt var den fyrste styraren for høgskolen, i 1887–1891. Han blei etterfølgd i stillinga av den eldste sonen sin, Charles Millard Pratt (1855–1935), i 1891–1893, og deretter av ein annan son, Frederic B. Pratt (1865–1945), i 1893–1937.

Høgskulen har eit av dei eldste offentlege biblioteka i USA.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pratt at a Glance». Pratt Institute. Arkivert frå originalen 22. april 2019. Henta 24. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pratt Institute