Utica i New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utica
by
Genesee Street
Land  USA
Stat New York
Fylke Oneida County
Areal 44,066706 km²
Folketal 65 283  (2020)
Tidssone UTC −5
Kart
Utica
43°06′03″N 75°13′57″W / 43.100833333333°N 75.2325°W / 43.100833333333; -75.2325
Wikimedia Commons: Utica, New York

Utica er ein by i Oneida County i New York i USA. Byen har 65 283 innbyggjarar (2020)[1] og er administrativt hovudsete (county seat) i Oneida County. Han ligg i Mohawk Valley, eit område kring Mohawkelva, ved foten av Adirondackfjella. Utica er rundt 95 mile (153 kilometer) vest-nordvest for Albany, 55 mile (89 km) aust for Syracuse og 240 mile (386 km) nordvest for New York by. Saman med nabobyen Rome dannar Utica kjerna i storbyområdet Utica–Rome, som omfattar heile Oneida og Herkimer County.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Utica har namn etter Utica i Tunisia. Mange stader i sentrale New York har namn etter byar og folk frå antikken (Rome, Syracuse, Ithaca, Troy, Homer, Cicero, Ovid og fleire andre). Det var hovudsakleg landmålaren Robert Harpur (1731–1825), som hadde ei klassisk utdanning, som gav mange av desse namna frå antikken til byar i sentrale delar av delstaten.[2]

Utica var opphavleg ein bustad ved elva folkesett av mohawkar, ein nasjon innan Haudenosaunee eller Irokesarføderasjonen. Under og etter den amerikanske revolusjonen kom europeisk-amerikanske nybyggjarar hit frå New England. På 1800-talet bidrog innvandrarar til å gjera han til ein viktig stoppestad på vegen mellom Albany og Syracuse langs Erie- og Chenangokanalen og New York Central Railroad. Dette og det påfølgjande hundreåret gjorde infrastrukturen og plasseringa til byen at han kunne vera eit viktig senter for tekstilindustrien. På midten av 1900-talet gjekk Utica gjennom deindustrialisering, som andre byar i Rustbeltet, med tap av mange arbeidsplassar, fråflytting og økonomisk nedgang. Den låge levekostnaden gjorde byen attraktiv for flyktningar frå mange delar av verda, og dei bidrog til å stoppa nedgangen i folketalet.[3]

Som Ithaca og Syracuse har Utica fleire offentlege og private høgskular og universitet. Det ligg tre statlege og fire private høgskular ligg i storbyområdet Utica–Rome. SUNY Polytechnic Institute har ein campus i North Utica og Marcy med over 2 000 studentar,[4] og er eit av universiteta som gjev doktorgrader for State University of New York (SUNY).[5] Mohawk Valley Community College er den største høgskulen mellom Syracuse og Albany med nær 7 000 studentar,[6] og Empire State College tener både Utica og Rome.[7] Det private, uavhengige universitetet Utica College ligg i byen, og New York-baserte Pratt Institute har ein tilknytt campus her.[8]

Kjente personar med tilknyting til Utica[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «U.S. Census Bureau QuickFacts: Utica city, New York». Census.gov. Arkivert frå originalen 30. mai 2022. Henta 16. mars 2022. 
  2. Czarnota, Lorna (2014). «Utica: Beer and Insanity». Native American & Pioneer Sites of Upstate New York: Westward Trails from Albany to Buffalo. The History Press. s. 77–81. ISBN 978-1-6258-4776-8. 
  3. Hartman, Susan (3. juni 2022). «How Refugees Transformed a Dying Rust Belt Town». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen June 5, 2022. Henta 5. juni 2022. 
  4. «Campuses / SUNY Polytechnic Institute (formerly SUNYIT)». The State University of New York. Arkivert frå originalen 30. mai 2022. Henta 18. april 2015. 
  5. «SUNY Graduate Campuses». SUNY. Henta 31. mai 2022. 
  6. «About MVCC». Mohawk Valley Community College. Arkivert frå originalen 19. april 2015. Henta 24. april 2015. 
  7. «Utica | Central New York | SUNY Empire State College». www.esc.edu. Arkivert frå originalen 23. august 2015. Henta 22. august 2015. 
  8. «Affiliated Schools», School of Art (på engelsk), henta 30. juli 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Utica i New York